Anne Serine stortrivst som lærling i Fjord1, og satsar på fast stilling.
Sidan i sommar har Anne Serine Li Tindeland (18) vore dekkslærling ombord på gassferja MF «Boknafjord», som går mellom Arsvågen og Mortavik i Rogaland. Det er eit direkte resultat av at ho valde VG1 TIF i Haugesund, som ho tilrår på det varmaste.
– Der lærer du både sveising og dreiing, og får inngåande kjennskap til ulike verktøy. På VG2 var eg på skuleskipet MS «Lofoten» i Kristiansand. På halvåret som er gått sidan eg gjekk om bord her, har eg erfart kor fint livet på sjøen er, men det kan òg vera tungt når sjøen slår inn på dekk, fortel ho – og det er ikkje rart, for Boknafjorden er vêrhard.
Anne Serine
Lærling i Fjord1
Praktisk turnus
– I røff sjø blir det både mindre søvn og arbeid, som for det meste går ut på å stua bilar, ta imot og gå frå kai, og å vera utkikk på brua. Passasjerane ser meg gjerne med kamera, når eg knipsar bilskilt og billetterer utanlandske passasjerar. Når vi ligg til kai bruker eg gjerne nattevaktene på vedlikehald.
Anne Serine har ein turnus som gir to veker på sjøen og to veker fri, som passar henne perfekt. Lærlingar og kadettar i Fjord1 får mykje praktisk opplæring og erfaring med sjøfart. Det inkluderer deltaking i navigasjonsarbeid under oppsyn, opplæring i tryggingsprosedyrar, lasting og lossing, observasjon av maskinrommet, kommunikasjon med mannskap og passasjerar, driftsoppgåver, vedlikehald og reinhald.
Fjord1 har si kjerneverksemd innan ferjetransport, og er det leiande ferjeselskapet i landet. Reiarlaget har òg aktivitet knytt til hurtigbåt, i tillegg til sitt eige catering-konsept, Ferdamat. Dei har som mål å vera den tryggaste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg og påliteleg transport.
Godt motteke
Anne Serine hadde alt prøvd seg på «Boknafjord» då ho var utplassert på VG2, så då læretida tok til, kjende ho allereie mannskapet. Ho er eineste jente på sitt skift, men Fjord1 har mange kvinnelige ansatte i både catering, maskin og dekk.
– Eg blei motteken med opne armar, og blei positivt overraska, med tanke på at eg berre er 18 år. Og eg håpar alle andre jenter møtast på same vis. Arbeidsmiljøet er òg veldig godt. Vi hjelper kvarandre, samarbeider godt, og er interessert i kvarandre, for vi snakkar ikkje berre jobb. Eg synest i alle fall det er koseleg med eit avbrekk, der vi òg kan diskutera privatlivet innimellom, seier ho.
– Har du planar etter læretida?
– Eg håpar jo det blir ei fast stilling i Fjord1, spesielt på «Boknafjord». Matrosen som er mentoren min her skal pensjonera seg når eg forhåpentleg får fagbrevet, så eg kryssar jo fingrane for den stillinga, for eg ser absolutt for meg ei framtid i reiarlaget. Eg trur ferjelivet, med to veker på, to veker av, passar spesielt jenter veldig godt, så dette kan anbefalast!
Gode moglegheiter for karriere og utvikling i Fjord1
Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass både på landsida og sjøsida, og det er eit breitt spekter av stillingskategoriar i selskapet.