Det er stor etterspurnad etter ungdom med maritim utdanning i sjøfarten, med svært gode moglegheiter for karriereutvikling.
Ungdom med maritim utdanning er svært etterspurd i norske reiarlag, ikkje minst hos Fjord1, det leiande ferjeselskapet i landet. Reiarlaget byr på ei rekkje spanande moglegheiter, med karrierevekst og personleg utvikling, og har ordningar for både kadettar, lærlingar, praktikantar og praksisplass for skuleelevar.
Det er ikkje få som har gjort karriere i Fjord1. Ein av dei er Ørjan Thingnes, som i dag er operativ leiar. Alt på ungdomsskulen var han fast bestemt på å bli sjømann, og tok først GK elektro, for å koma inn på sjøfartsfag.
Ørjan Thingnes
Operativ leder i Fjord1
Gjekk i land
– Det kvalifiserte for to år som matroslærling i eit offshore-reiarlag, etterfølgd av to år på teknisk fagskule. Midtvegs i studiet fekk eg tilbod om sommarjobb som lettmatros i Fjord1. Etter fagskulen bar vegen tilbake til offshore-reiarlaget, men i staden for å gå som kadett, fekk eg jobb som matros. Det gjorde eg i eitt år, medan eg fylte ut kadettboka og til slutt løyste sertifikat og fekk jobb som styrmann. Eg tenestegjorde på reiarlaget sine ankerhandterings-fartøy til eg gjekk i land, fortel han.
Etter to år i eit reiarlag på land lét han seg lokka til å søkja stillinga som operativ leiar i Fjord1 – ei stilling han, tre år seinare, framleis har. Ørjan kjende seg svært godt motteke som ny i jobben:
– Den første dagen møtte sjefen meg med ein kaffikopp utanfor døra. Då vart eg vist rundt for å helsa på alle, og fekk dei første vekene ei intensiv innføring i alle avdelingane, overaust med informasjon frå engasjerte folk i avdelingane for tryggleik, teknisk og økonomi. Eg fekk eit overblikk over organisasjonen, som bidrog til at når eg møtte problemstillingar i arbeidsdagen, visste kvar eg skulle henvende meg for støtte.
Alltid hjelp å få
– Korleis opplever du arbeidsmiljøet?
– Vi er ein fin gjeng, både i avdelinga, dei ulike regionane og støtteavdelingene, med positive, dynamiske og engasjerte medarbeidarar. Mange her er relativt ferske. Du merkar at stemninga er god og at folk er «svoltne». Dessutan er det lett å spørja kollegaer om hjelp, med kort veg mellom avdelingane, forklarer Ørjan.
Historia hans kan tyda på at unge og nyutdanna har gode utsikter til å gjera karriere i Fjord1, noko han er den første til å skriva under på:
– Moglegheitene er veldig gode for den som er engasjert og har lyst til å gjera ein forskjell. Vi er heilt avhengig av å innhenta kompetanse frå dei som har operativ kunnskap frå ferjedrift og maritim næring, noko vi òg gjer heile tida. Fjord1 tilbyr òg ei rekkje interne kurs, med gode moglegheiter for å gå gradene, så eg håpar på mange nye kollegaer, avsluttar han.
Karriere i Fjord1
Vil du bli ein del av eit leiande selskap innan maritim transport? Fjord1 tilbyr spennande karrieremoglegheiter både til sjøs og på land. Vi søker deg med drive og kompetanse innan ulike fagområder – bli med og form framtida saman med oss!